Skip to content Skip to main navigation Skip to footer

Dynamisk side

Dynamiske sider i HyperSys er sider de kan tilpasse og konfigurere sjølv. Ekspressinnmelding og Mi side er døme på dynamiske sider og dømet under er henta frå konfigurering av Mi side. Standard for dynamiske sider er at dei kan kan bli tilpassa med fargar, logo og bakgrunnsbilete til organisasjonen dykkar.

Felles for dynamiske sider er at på venstre side finn du innstillingar for topplinje og bakgrunn, og andre tilpasningar. Til høgre finn du ei førehandsvisning og korleis det ser ut på PC-skjerm, nettbrett og mobil.

Menyane Topplinje og Bakgrunn kan du utvide og kollapse for å tilpasse dynamisk side. Du finn dette på kvar dynamisk side slik at du kan bruke forskjellege bakgrunner for Mi side, ulike kampanjar med meir.

Andre dynamiske sider, har fleire menyar for å tilpasse utsjånaden. Til dømes har ekspressinnmelding val om kva for medlemskategoriar som skal vere tilgjengelege, og ekspressdonasjon om kva for beløp som skal vere synlege. Les meir om det på dei respektive hjelpesidene.

Blokkredigering

Nokre dynamiske sider, som Mi side, tilbyr blokkredigering, altså at du kan legge til og fjerne blokkar, samt styre kven dei skal vere synlege for. Du kan legge til ei blokk ved å trykke på “Legg til blokk”, fjerne dei ved å klikke på søppelbøtteknappen, samt endre rekkefølgen ved å dra i dei eller trykke på pilene til høgre. Mange av blokkene kan tilpassast med eigen tekst. Gjerne les på hjelpeartikkelen om Mi side, for å sjå kva for blokkar somer tilgjengelege og for inspirasjon og døme.

Hugs å lagre når du har gjort endringar på dynamiske sider.

Related Articles
0 Comments

There are no comments yet

Leave a comment