Skip to content Skip to main navigation Skip to footer

Kontingentutsending og purring

Masse-utsending av faktura eit verktøy for å sende ut kontingentkrav til alle medlemmane dykkar, og kan brukast til både hovudutsending og purringar.

Når du skal sende faktura opprettar du ein bunt med dei du skal sende til, og så blir dei fordelt på ulike sendemåtar (underbuntar).

Fakturautsendingsverktøyet er bygd opp av underbuntar for dei ulike utsendingsmetodane som blir brukt, som til saman utgjer ein hovudbunt. Til dømes er eFaktura, e-post og brev eigne underbuntar i ein hovudbunt.

I denne hjelpeartikkelen finn du ei kort oppsummering og ei lengre forklaring av kvart steg.

Du finn fakturautsendingsverktøyet ved å gå inn på Økonomi → Faktura.

Hugs å handsame alle uhandsama betalingar!

Alle betalingar bør vere handsama før ein sender ut faktura, uavhengig om det er hovudutsending eller purring. Dette for å unngå å sende faktura til ein medlem som allereie har betalt, men som kan ha betalt eit overskytande beløp, eller liknande.

Kort oppsummert:

  1. Finn boksen “Klar til fakturautsending?” og klikk på “Lag bunt og sjå over”, og følg instruksjonane vidare.
  2. HyperSys køyrer analyse av sendemåtar og når 100% er førebudd, kan du trykke på “Send fakturaer og følgej instruksjonane i sidepanelet
  3. Vent i to tre dagar før du går inn att i bunten
  4. Trykk på “Send fakturaer som brev” og følg instruksjonane i sidepanelet
  5. Brev blir no sendt og du er ferdig med utsendinga av fakturaene

Ved betalingspåminning, også kjend som purring, vil du sjå etter ein boks som seier “Klar til purring?”.

    For å opprette ein bunt finn du enkelt knappen “Lag bunt og sjå over i ein blå boks kor det står “Klar til fakturautsending?”

    For å opprette bunt manuelt på bakgrunn av eigendefinert utval veljer du det utvalet du vil ha, trykkar på “Handsam/Håndtér”. Då vil du få opp eit vindauge som spør om du vil opprette bunt for det talet fakturaer du vel. Når du klikkar på “Akseptér” vil sida laste inn og førebu bunten.

    Når du har oppretta ein bunt går du vidare til å konfigurere bunten. HyperSys foreslår det mest kostnadseffektive alternativet (AvtaleGiro, eFaktura/EHF for bedrifter, e-post, og brev til slutt), med flytting til brev dersom andre metodar feilar, men de kan sjølv velje sendemåtar.

    Vidare set ein forfallsdato og skriv e-post til dei som skal motta dette. Unicornis har laga ein mal for både hovudutsending og purring som de kan bruke, men vi tilrår å tilpasse den til dykkar organisasjon. De kan redigere malen seinare.

    Når du har konfigurert og lagra ein bunt for utsending, kjem du til landingssida for bunten. Øverst finn du oppsummert statistikk som viser status på alle utsendingar per bunt. Til høgre for dette finn du informasjon om bunten, og under finn du knapp for å faktisk sende bunten.

    Bunten har tre underfaner. Prosess viser status på dei ulike måtane som er konfigurert for utsending og kor mange som er fordelt på dei ulike buntane. I tillegg kan du opne sidepanel for meir informasjon ved å klikke på “Sjå under-bunt”. Malar viser kva for malar som blir brukt (e-post- og fakturamalar), og Liste viser kva for utsendingsmåte som faktisk blir brukt for kvar enkelt faktura. Lista i utsendingsbunten fungerer som alle andre lister i HyperSys, berre at det finnast andre kolonnar, som til dømes utsendingsmåte og status på sjølve sendinga.

    Om du klikkar på listevisning kan du filtrere direkte på dei ulike underbuntane, ved å klikke på namnet på fakturabunten.

    Når du har sett over utsendinga og at medlemmane er sortert på riktig måte og er nøgd med korleis e-post og faktura ser ut, skal du trykke på den store blå knappen kor det står Send fakturaer.

    Du vil då få opp eit sidepanel som oppsummerer kva og kor mange som blir sendt, samt når dei blir sendt i fyste omgang. I dette døme seier sidepanelet at AvtaleGiro, eFaktura, EHF og E-post blir sendt. I tillegg tydar resirkuleringsikonet på at dei som eventuelt feilar (av tekniske årsaker), blir flytta til siste underbunt, som i dette tilfellet er brev. Du vil òg sjå ei førebels oppsummering av dei metodane som vil bli brukt seinare. Vi har òg lagt ved eit døme på ein av fakturaene som blir sendt i ein av desse underbuntane, som vi tilrår å sjå over.

    Når du har sett over oppsummeringa av utsendinga, klikkar du deg vidare for å førehandsvise e-posten som blir sendt ut. For å endre på dette må du gå tilbake til Mal-fana og klikke på Endre mal.

    Når du er nøgd med at utvalet, fakturaen, e-posten og forfallsdato ser greit ut, så trykkar du på Lagre og send. Når dette er gjort startar HyperSys sjølve utsendinga, og du kan når som helst laste om sida for å sjå kor langt HyperSys har kome i prosessen. Her kan du til dømes sjå at AvtaleGiro-trekk er sendt og at HyperSys held på å sende ut EHF, eFaktura og e-post.

    Siste steg i utsendinga

    Når du har sendt ut AvtaleGiro, eFaktura/EHF og e-post, vil HyperSys analysere dei ulike utsendingsmetodane og kva fakturaer som har blitt sendt og ikkje. Etter eitt til to døgn vil HyperSys få vite om nokon i underbuntane har feila, til dømes om ein e-post har kome i retur, og bytte utsendingsmetode til brev for dei som kan motta dette.

    Slik kan det sjå ut når du har sendt ut fyste utsendingsbunt. I dette dømet har HyperSys bytta utsendingsmetode på 4 stykk, og dei er flytta frå dei andre utsendingsbuntane til brevutsending eller at dei ikkje kan leverast.

    Vi tilrår å vente eit par-tre dagar før de går inn på bunten igjen, slik at HyperSys får tid til å sjekke om ein utsending har feila eller ikkje. Deretter kan de trykke på Send fakturaer via post, og du vil få opp eit nytt sidepanel med førehandsvisning av ein brevfaktura, og ein knapp for å iverksette sendinga.

    Under listevisninga av bunten ser du korleis dei vil motta faktura, og om fakturaen kan sendast i det heile tatt. Til dømes kan de sjå at 10009 ikkje har nokon gyldige sendemåtar tilgjengeleg og er derfor sortert til å vere “Uleverbar”.

    Related Articles
    0 Comments

    There are no comments yet

    Leave a comment