Oppsett av arrangement
Oppsett på arrangement er ei eiga fane kor du kan redigere grunninfo om eit arrangement, administrere påmelding, kven som kan melde seg på, kva som kravd for påmelding og ulike påmeldingsval.
Under Grunninfo får du oversikt over namn, ei kort skildring, tid og stad, nettstad, kven som kan melde seg på og korleis, og om det er frist for påmelding. Informasjon du ikkje fyllar ut her, blir ikkje vist på arrangementet.
Har du rett tilgangsnivå kan du endre denne informasjonen.

I boksen for Påmelding finn du informasjon om det er opent for påmelding eller ikkje, samt korleis ein kan melde seg på. Nokon arrangement er ope for fri påmelding og andre arrangement er ope for at organisasjonar må melde seg på via delegasjonar. Har du rett tilgangsnivå kan du opne og stenge påmelding her ved å dra i glidebrytaren til høgre over boksen.

Kva for type arrangementsroller du har og kor mange du har, avgjer kor mange deltakarar du kan ha på arrangementet.
I denne boksen finn du først ei oppsummering om kor mange deltakarar du har, uvahengig av deltakartype. Rett til høgre finn du tal om kor mange plassar som er tilgjengelege.

Dei ulike deltakartypene er vist i form av innhaldskort, som kan bli utvida til å vise fleire detaljar. Her ser du kor mange som har meldt seg på av denne deltakertypen, pris, aktive påmeldingskrav og påmeldingsval. I tillegg kan du redigere rolla ved å klikke på Endre rolletype. For å leggje til nye rolletypar kan du klikke på Ny rolletype som du finn til høgre over boksen.
Ulike rolletypar kan ha ulik adgang til å sjå og redigere eit arrangement (t.d. kursleiarar, stab, adminstrasjon vs. vanlege deltakarar), og du kan styre tilgangen til dette når du legger til eller redigerer ei rolletype, under Endre og handsam arrangement.
Påmelding til eit arrangement i HyperSys, gjer at deltakarane slepp å fylle ut personalia, men ynskjer du ytterlegare detaljar om deltakarane, kan du leggje til ulike påmeldingsval. Det kan vere diett-omsyn eller andre tilpasningar; andre spørsmål om kva deltakarane er interessert i, kva nivå/erfaring dei har, innkvarteringsbehov eller andre ting som du som arrangør trengjer å vite om.
Påmeldingskrav skil seg frå påmeldingsval, ved at deltakarane må oppfylle kravet for å kunne melde seg på. Det kan vere alder ved arrangementsstart eller medlemskap i organisasjon eller underorganisasjon.
Påmeldingsval og påmeldingskrav kan brukast på ulike deltakartypar og du kan endre dette i sidemenyane for både det aktuelle påmeldingsvalet eller -kravet, og rolletypane.