Skip to content Skip to main navigation Skip to footer

Adressevask

Vi gjennomfører no adressevask manuelt for å samle inn erfaringar medan vi ser på ulike løysingar for å utvikle eit grensesnitt for dette.
Ta kontakt med brukarstøtte om du ynskjer adressevask.

Adressevask er eit verktøy for å oppdatere personalia på mange medlemmar samstundes. Til dømes kan ein bruke dette etter at ein har køyrt kontingentutsending og ein har fått brev i retur, eller når ein sjølv ser eit behov for det.

Når vi køyrer adressevask i HyperSys, køyrer vi oppslag mot ulike datakjelder som telefonkatalogar og Folkeregisteret.

Vi sender inn namn, adresse, e-postadresse, mobilnummer, fødselsdato og kjønn. Deretter mottek vi namn, adresse, e-postadresse, mobilnummer, fødselsdato og kjønn + folkeregisterstatus, treff-sannsynlegheit og anna data vi ikkje tek vare på av di det ikkje er relevant og av omsyn til personvern.

Deretter får de dataen til gjennomgan kor de vel kva for data de ynskjer å importere, før den bli mata inn i HyperSys og overskriver den dataen som ligg der frå før av.

Til dømes:
Vi sender inn Kari Nordmann, Feilvegen 13, [email protected], kvinne
Og får tilbake Kari Nordmann, Rettevegen 37, [email protected], +47 963 56 741, kvinne, i tillegg til ein grad av kor sikkert treff det er.
Deretter tek de stilling til kva av denne dataen de ynksjer å importere.

Related Articles